Sosialpedagogisk rådgjevar

Er det noko som plagar deg i forhold til skole, fag, medelevar, lærarar eller noko utanfor skulen, kan du få hjelp av sosialpedagogisk rådgjevar.

Lene Jevnheim og Bård Atle Fuglum

Lene og Bård Atle har saman ansvar for alle klassane på avdeling Otta

Bård Atle Fuglum og Tor Olav Mundal

Bård Atle og Tor Olav har ansvar for alle klassane på avdeling Lom

Dirk Wolf

Dirk har ansvar for alle klassane på avdeling Dombås

Dei sosialpedagogiske rådgjevarane kan hjelpe deg:

  • Viss du føler at problema er i ferd med å ”vekse deg over hovudet”. 
  • Til at du som elev finn deg til rette i vidaregåande opplæring og lærer mest mogleg.

Ikkje ver redd for å søkje hjelp! Det er låg terskel for å ta kontakt ved å kome på kontoret eller via SMS, Teams eller Visma InSchool. 

Rådgjevar vurderer om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen, og finn dei rette instansane og formidlar kontakt med desse.

Drømmeskolen

Drømmeskolen er eit helsefremjande program for å skape et trygt og godt psykososialt læringsmiljø på heile skulen. Programmet fokuserer på at elevane skal føle at dei høyrer til og er ein del av skulen og vere motiverte for å lære. Dette er òg viktig i skulekvardagen.

Les meir om Drømmeskolen her