Sju utdanningsprogram
Skulen har sju utdanningsprogram fordelt på yrkesfag og studieførebuing:
- Restaurant- og matfag
- Salg, service og reiseliv
- Helse- og oppvekstfag
- Teknologi- og industrifag
- Bygg og anleggsteknikk
- Idrettsfag
- Studiespesialisering
Ruste deg for framtida
Vi brukar ikkje berre skulen som arena for undervisning og læring. Ekskursjonar, utplassering i bedrifter og elevutveksling med andre land i Europa er òg viktig.
Klimalaben er ein viktig opplæringsarena inn i den "grøne framtida". Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal ruste deg for framtida ved å vera miljømedvitne, bruke moderne teknologi og samarbeide internasjonalt.
Mestring og utfordringar på ditt nivå
Som elev ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal du oppleve å bli stilt krav til, du skal oppleve å bli tatt på alvor, du skal få faglege utfordringar, og du skal leve og lære i eit trygt skulemiljø.
Med andre ord: Vi ønskjer at du som elev skal oppleve både mestring og få utfordringar på ditt nivå. Målet vårt er å vera ein skule som er levande og triveleg, der det er godt å lære.
Vi ønskjer deg velkomen som elev ved skulen vår!
Kristin Undseth,
rektor