Idrettsfag

Er du glad i idrett, trening og friluftsliv? Er du òg interessert i teoretiske fag som gir studiekompetanse og høve til å ta høgare utdanning? Då kan idrettsfag være noko for deg!

Følg oss på Facebook

Følg oss på Instagram

Kven passar studiet for?

Idrettsfag passar for deg som er interessert i idrett, helse og fysisk aktivitet. Du vil delta på variert trening i tillegg til eventuell spesialtrening i din eigen idrett. Du må vere glad i å trene og innstilt på å ha med treningstøy på skulen kvar dag.

Idrettsfag gir grunnlag for trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett. Du bør like å jobbe med barn og ungdom, og å vere utandørs.

Innan idrettsfag kan du velge:

  • Toppidrett (handball/ fotball) 
  • Breiddeidrett
  • Friluftsliv

Informasjonsfilm om breiddeidrett og toppidrett

Informasjonsfilm om friluftsliv

 Kva lærer du?

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsledelse
  • om helse, kosthald og oppbygginga til kroppen 
  • teoretiske fag

Du oppnår                               

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Dersom du tek høgare utdanning, kan du mellom anna bli:  

  • fysioterapeut, idrettspsykolog eller personleg trenar
  • lærar, idrettskonsulent eller rådgivar innan fysisk aktivitet og helse
  • leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
  • politi, befal eller offiser
    Du kan òg utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studiar ved høgskular og universitet.

Døme på arbeidsplassar:

  • skular
  • treningssenter eller idrettsorganisasjonar
  • behandlingsinstitusjonar
  • militær- og politivesen

Skulen sitt tilbod: 

  • Vg1 Idrettesfag
  • Vg2 Idrettsfag
  • Vg3 Idrettsfag

Les meir om idrettsfag på vilbli.no

Slik søker du

Film: Ein vanleg torsdag på idrettsfag