INNOlab

INNOlab er eit rom kor vi legg til rette for samarbeid, kreativ problemløysing, utvikling og testing av nye teneste og teknologi innan helse og utdanning. INNOlab er samlokalisert med Klimalaben på skulen. 

Vil du bestille INNOlab?

Bestill INNOlab

Du kjem inn i ein Outlook-kalender og vel mellom 3 eller 7 timar. Deretter får du opp kva for dato og klokkeslett som er ledige.

Skal du vere i INNOlab utanom skuletid kl. 08.00–15.30?

Bestiller du rommet etter kl. 15.30, må du avtale henting av nøkkelkort. Hugs å avtale dette nokre dagar i førevegen.

Ta kontakt med Olav Røssum for å få nøkkelkort

Utstyr i INNOlab

  • Gruppebord og stolar med plass til inntil 30 personar
  • Whiteboard på hjul (1,2 x 5 m)
  • Diverse materiell (Post-it, tusjar, LEGO® og diverse kreativt materiell)

Rommet skal forlatast slik det var då du kom. Alt skal ryddast på plass slik det stod. Dette gjeld ôg stolar og bord.

Servering

Skulen har kantine som er ope kl. 08.00–14.00 (fredagar til kl. 13.00). Her kan du kjøpe vanleg kantinemat.

Ønsker du gruppevis servering? 
Bestill ved å kontakte kantineleiar Andrè Schweinsberger. Dette må bestillast ei veke i førevegen.

Korleis finn du fram?

INNOlab er på Nord-Gudbrandsdal videregående skole, avdeling Otta, og er samlokalisert med Klimalaben ved skulen.

  • INNOlab ligg lengst sør i skulebygget, og det er skilta ved inngangane til skulen. Det er også eit stort skilt på veggen, som du ser godt frå vegen når du kjem frå Otta sentrum.
  • Parkeringsplassar finn du på nordsida av skulebygget.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til å komme i gang, eller har du spørsmål om korleis du kan planlegge og gjennomføre ein prosess eller eit møte i INNOlab? 

Ta kontakt med prosjektleiar Marita Aaheim

Eit samarbeid mellom fleire

INNOlab er eit samarbeid mellom kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja, Helseinn, Innlandet fylkeskommune og Interkommunalt Politisk Råd for Nord-Gudbrandsdalen.
 

Logo INNOlab - Klikk for stort bilete